Godt nyttår!

Eid sogelag ønskjer godt nytt år til alle sine sogelagsvener med bilete av eit velhalde kulturminne – høylade i Kjørstadberget!

Takk til alle som har sendt inn registreringsskjema til arbeidet med bygdeboka. Vi har fått inn frå gledeleg mange, men vi vil gjerne ha inn frå fleire.

Bygdeboknemnda hadde mange møte før jul. Møtestaden er førebels Eid folkebibliotek sitt lokalsamlingsrom. Her har vi tilgang til lokalstoff, og her har vi installert eige utstyr for kopiering og skanning.

Registreringsarbeidet går framover. I somme bygdelag har vi alt god oversikt, men vi vil gjerne ha med fleire til å registrere, for det er eit omfattande arbeid. Ta kontakt om du kan tenkje deg å arbeide med ein gard eller eit område!

 

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.