Vedtekter

Vedtekter for Eid sogelag, skipa 06.04.2016

§1 Føremål

Laget heiter Eid sogelag og skal ha heile Eid kommune som arbeidsområde. Laget har som føremål
• å ta vare på minne om folkelivet i Eid i farne tider
• å skape interesse og forståing for lokalsoge, lokal kultur og folkeminne
• å arbeide for å knyte band mellom fortid og notid gjennom dokumentasjon og formidling

§2 Aktivitetar i laget

Verksemda i laget skal vere basert på dugnad. For å nå føremålet kan laget åleine eller i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar eller aktuelle kommunale organ
• gje ut Sogeskrift for Eid årleg
• hjelpe til med å samle inn, systematisere og gjere tilgjengeleg minne av kulturhistorisk verdi i Eid (registreringsarbeid)
• arrangere møte, kurs, ekskursjonar/vandringar om ulike tema
• arbeide for at det kan bli gjeve ut lokalhistoriske skrift/bøker eller halde utstillingar
• arbeide for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i kommunen
• delta i samfunnsdebatten når det gjeld kulturvern, t.d. som høyringsinstans i kommunale saker
• drive aktivt informasjonsarbeid, t.d. i lokalpressa, via eiga heimeside og/eller sosiale medium Der det er naturleg, kan det skipast undergrupper i sogelaget, t.d. fotogruppe, stadnamngruppe. Laget kan slutte seg til Landslaget for lokalhistorie, Nordfjord sogelag eller andre lag og instansar som har samanfallande føremål.

§3 Medlemskap

Laget er ope for alle som er samd i føremålsparagrafen, og som betalar medlemspengane årsmøtet fastset (kan gjelde både lag, organisasjonar, verksemder og enkeltpersonar).

§4 Leiing

Laget sitt øvste styringsorgan er årsmøtet, som vel styre, leiar, valnemnd og revisor og dreg opp retningslinene for arbeidet. Styret kallar inn til årsmøte med 14 dagars varsel. Årsmøtet vert halde innan utgangen av mars. Årsmøtet skal vedta årsmelding og revidert rekneskap for året som har gått. Årsmøtet drøftar også handlingsplan og budsjett for komande år og fastset medlemskontingenten. Alle medlemmer har røysterett på årsmøtet. Lag og bedrifter har ei røyst kvar. Alle vedtak vert avgjorde ved vanleg fleirtal dersom ikkje anna er fastsett i vedtektene.

§5 Styret

Eid sogelag skal ha eit styre på 5 personar som har ansvar for drifta og økonomien i laget. Styreleiar vert vald for eitt år. 4 styremedlemmer vert valde for ein periode på 2 år, likevel slik at 2 styremedlemmer er på val årleg. Fyrste året er 2 på val etter loddtrekking. Årsmøtet vel 3 vara-medlemmer til styret i prioritert rekkjefølgje for eitt år. Styret vel sjølv nestleiar, skrivar og kasserar.

§6 Oppløysing av laget

Laget kan ikkje løysast opp utan at det vert vedteke med 2/3 fleirtal på to årsmøte etter einannan. Framlegg om det må vere kunngjort minst ein månad før årsmøtet. Skulle laget verte oppløyst, skal midlane gå til Eid kommune ved kulturavdelinga, som brukar midlane i samsvar med § 1 i vedtektene.

§7 Endring av vedtektene

Endringar av desse vedtektene krev 2/3 fleirtal på eit lovleg innkalla årsmøte. Framlegg til endringar må vere kunngjorde minst 14 dagar på førehand.